Avdelingsleder Karoline Subberud ved Herøy Bygdesamling kommer her med utfyllende informasjon.

Nå når vi alt er i juli, veit eg at det er i seinaste laget med å gi dykk svar på oppgåva frå mai.   Gjenstanden eg presenterte for dykk er eit reiskap til ein rundstrikkemaskin. Denne gjenstanden ble brukt til å legge opp nytt arbeid på maskina.

Strikking i Noreg
I Norge ble ikkje strikking vanleg før tideleg på 1600-talet. Det ble på den tiden brukt til å motkjempe fattigdom, teknikken ble lært bort i tukthus og derfor spreidd rundt til fattige menneske over heile landet, slik at dei kunne få ein inntekt. I motsetning til i Europa i mellomalderen, da strikking var utført av menn, var det i Norge kvinner som stod for dette arbeidet.

På 1800- talet utviklar industrien i Noreg seg. Tekstilindustrien var blant den første industrien som ble etablert i Norge. Det første som kom var bomullsveveria, medan ullindustrien ble utvikla først etter 1845. Ein får ein større utbygd trikotasjeindustri og husflid mange steder i landet. Fabrikkane ble drevet av vasskraft, så etter kvart ble produksjonen stort sett konsentrert på Vestlandet. Det blir utover 1800- talet fleire og fleire lokale strikke mønster, og i enkelte bygder blir strikka kofte ein del av folkedrakta, men ennå er vevde klede det som ein i hovudsak bukar som ytterklede.

Tekstilindustrien med ull, er noko som her til lands held frem til 1980 -talet, det som ennå er igjen av denne type industri er produksjon av garn for heimestrikking, dette er ein industri som ennå er mogleg å ha her til lands.

Sjølv om ullvare industrien utvikla seg etter 1800-talet, så var heimestrikking ennå viktig. For å vise til eit meir lokalt eksempel så kan vi sjå på alt ein trong for å utstyre lofotkista kvar fiskesesong. Det er blitt rekna ut at ein om lag brukte 400 kvinnearbeidstimer for å utstyre ein mann som skulle til Lofoten på fiske. Det skulle strikkes vottar, sokkar, lange underbukser og undertrøye. Så det tok si tid, men noko som hjalp med dette var introduksjonen av strikkemaskinen for heimebruk ,som kom på 1890 -talet. Denne maskinen gjorde dette arbeidet mykje enklare, og det sparte kvinnene for fleire timar arbeid.  

Bruk av strikka klede
I første delen av 1900-talet begynte ein å bruke strikka klede på ein ny måte, frå at det stort sett var underklede og klede til arbeidarklassen, ble det nå ein større del av moten blant alle samfunnsklasser. I denne perioden endra klesstilen seg både innan kvinne og manns mote. Det ble eit større fokus på fritid og fysisk aktivitet. Spesielt i sport og fritidsklede var strikketøy nytta som badedrakter, trikotar og golfjakker. Under og etter krigen ser ein at strikking og norske strikkemønster får ein ekstra stor betydning. Samanhengen mellom strikkemønster og folkedrakts kulturen, ble viktig for nasjonalfølelsen i møte med okkupasjonen. Garn var og ein tilgjengeleg vare her til lands, og  det var enklare for heime produksjon av klede.  Det var også mogleg å bruke om att garnet, ved å rekke opp og bruke garnet om igjen til andre klede. I etterkrigstida, da tilgangen på strikkegarn ble betre , var det særleg moderne variantar av lokale strikkemønster som ble brukt. Tekstilindustrien og ukeblader hadde allereie tidlegare i århundret bidratt til utbredelsen av strikkemønster, men mønstra ble nå meir tilgjengelege både i garnbutikkar, ukeblader og strikkebøker.

I årene frem til vår tid går populariteten både opp og ned. På 70 – talet er fristrikking populært, ein skulle strikke utan mønster og ein hadde meir friheit i fargevalet.  På 80 -talet ser ein større forbruk av kjøpt strikk , men med OL i Lillehammer får strikkinga ein ny popularitet på 90 -talet. Hobbystrikk er igjen på ein nedgang i byrjinga av 2000 -talet, men dei siste åra har det igjen blitt svært populært, med kjendistrikk, strikkekafear og strikkebøker på bestseller listene.

Så då oppfordra eg alle til å ta frem strikketøyet for å lage noko fint til deg sjølv eller nokon du er glad i.

Sidan det tok meg så lang tid å gi dykk svar på oppgåva, vel eg nå å ta ein sommarpause frå månadsoppgåva, og eg vil heller ønske dykkar velkommen til Herøy bygdesamling, når vi nå har opent i sommarsesongen.

Litt reklame for vårt nabomuseum Nordlandsmuseet, dei har denne sommaren ein utstilling om strikking i Noreg:
«En rød tråd - Norske strikketradisjoner»
Denne utstillinga finner dykk på Fauske bygdetun og er tilgjengeleg frå 20. juni - 18. august.

Kjelder:

  • Klausen, Ann Kristin
    1998, I Lofotkista, Nesna bygdemuseum.
  • Klepp, Ingun Grimstad: strikkingens historie i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 4. juli 2023 fra https://snl.no/strikkingens_historie